Ikkje lov å selja det me har lånt!

Av Knut Vadla

Me hadde eit godt system med fritt fiske som regjeringa Gerhardsen, på grunn av manglande fagkompetanse, industrialiserte med gjeninnføring av trålfiske. Noko som etter kort tid bidrog til den øko-katastrofa som ramma Barentshavet og Norskehavet på slutten av 1980-talet med nedfisking av dei viktigaste fiskeslaga. Den statlege utbygginga av trålarflåten blei eit talande eksempel på sjølvundergraving. Bremsene måtte setjast på, og fiskekvotar innførast.  Trålarane fekk halda fram, mens masse sjarkfiskarar blei utestengde frå fiske. 

Så drista ein utru trålreiar seg til å selja den store verdfulle kvoten han hadde til låns av fellesskapets fiskeressursar. Dermed var norgeshistoriens desidert største langsame ran igong.’

Alle veit jo at me har ikkje lov å selja det me har lånt.

Til Peter Ørebech:Takkar både deg og Lars Kufaas for orientering og kommentarar om desse viktige spørsmål. Alle må forstå at dette er eit livsviktig spørsmål for heile vår kystkultur. Les innlegget fra Peter Ørebech her.

Kjøp og sal av fiskekvotar har me ikkje bruk for. Det tenar berre kapitalkreftene. Dette er den største katastrofen som noko sinne har ramma norske fiskerier. Deltakarloven er ettertrykkeleg neglisjert.  Dagens fiskeripolitikk kviler fylgjeleg på ei kriminell handling av dimensjonar. All kapitallaus ungdom er utestengd frå denne kvoteadelen, som dessutan har fått frie hender til å tilrana seg å mykje kvotar dei evnar. Så i dag disponerar denne flåten nær halvparten av den norske torsken. Småsjarkane som er utafor dette systemet fiskar i dag på restene av ein samlekvote.

Forskarane i FN-rapporten «IN  DEAD  WATER» som kom i 2008 fastslår at trålen er den  verste fiskereiskapen som blir brukt. Dei tilrådde FNs generalforsamling å forby trålfiske i heile verden.

Trålarane går langt til havs og fangar halvvaksen fisk i oppvekstområdet til fisken.

Dei øydelegg korallreva,  drep  masse yngel og småfisk. Trålaren brukar dessutan 4

til 6 gonger så mykje diesel som det sjarken brukar pr kilo fanga fisk.

Trålfiske blei gjeninnført fordi dei trudde itålarane viille vera meir stabile råstoffleverandørar til fiskeindustrien på land. Men i dag er dei tvert imot  i hovudsak fritekne for  leveranse i Norge . Dei leverar fisken i frosen tilstand til bearbeiding i utlandet, og har faktisk ikkje bruk for vår kyst.

Det vil vera ein vinn vinn situasjon om me avviklar trålfiske, og tilbakefører fiskeressursane  til den kystnære sjarkflåten.  Det vil kunna gi tusener av nye abeidsplassar på vår kyst. Med eit meir miljøvennleg fiske ville me kunna ta på land fleire gonger å mykje fisk som me gjer i dag, kanskje som estimert: seks gonger så mykje.

Me går garantert inn i ei framtid med stort behov for nye arbeidsplassar. Me har alle ein kropp som treng mat og mosjon. Ingen plass er det mogeleg å skapa så mange gode meiningsfulle atbeidsplassar som i småskaladrift i primærnæringane på sjø og land. Om ikkje våre myndigheter forstår dette og er villige til å ta styringa, vil heile vår kystkultur om kort tid vera utradert. Kysten er busett på grunn av ressursane, og fisken er ennå folkets eigedom.     

Kor mange vil vel bu på ein kyst reinsa for ressursar ??

Helsing Knut

Del innlegget på:

Facebook
Twitter
LinkedIn

Legg igjen en kommentar